Accessibility Tools

bildet viser vår lærling Henrik som viser journalisten fra TA hvordan han jobber

Fin sak om lærlingen vår i IT-utviklarfaget

Sist uke hadde vi besøk av Telemarksavisa (TA) som skrev en sak om lærlinger.

Henrik starta som lærling hos oss i august 2022 etter å ha gått IT-utviklarlinja på Porsgrunn videregående skole. Han seier sjølv at han var heldig, for han var allereie 21 år då dette studietilbodet dukka opp, og hadde vore litt usikker på kva retning han skulle velja. – Eg var interessert i koding frå før, og jo meir eg lærte, jo meir moro vart det.

Etter vg1 og vg2 var han klar for lærlingplass, og oppstarten vart hos oss i Vigo IKS.

Henrik har vore interessert og på frå dag 1, og vart raskt både ein ressurs og ein god kollega.

Me har hausta gode erfaringar med lærlingordninga. I tillegg har me flinke interne rettleiarar i våre tilsette, Trond Sevre og Jennifer Strand, og dessutan god dialog med skulen og opplæringskontoret.

No ser me for oss å vurdera ein ny lærling kvart år. Andre års lærling vil også vera ein ressurs inn i dette arbeidet.

Les heile saka i Telemarksavisa (TA) her.

Del på sosiale medium

Facebook
Twitter
LinkedIn