Accessibility Tools

Tilsette i Vigo IKS

Ledig stilling: Prosjektleiar innkjøp

Ønsker du å sikre gode tekniske løsninger for offentlig sektor? Er du en dreven problemløser som trives i grensesnittet mellom innkjøp, strategi og ledelse? Da bør du lese videre - vi har en ledig stilling som prosjektleder for anskaffelser.

Vil du ha ei samfunnsnyttig rolle innan innkjøp i eit selskap i sterk vekst?

Me lyser no ut ei spennande ledig stilling som prosjektleiar for innkjøp! Vigo IKS er eit interkommunalt selskap som er eigd av alle fylkeskommunane i landet og Oslo kommune. Den viktigaste oppgåva til selskapet er å forenkla, forbetra og fornya offentleg forvaltning gjennom etablering av felles IT-løysingar. Hovudfokuset vårt er innan vidaregåande opplæring, samferdsel og teknologi, men me bidreg også på fleire andre område for å digitalisera offentleg forvaltning i Noreg. Felles for prosjekta våre er at dei er synlege, har samfunnsverdi og baserer seg på moderne teknologi.

Om stillinga

Som prosjektleiar for innkjøp vil du vera ein viktig fagressurs i alle prosjekt der det blir gjennomført innkjøp innan samferdsel. Du vil jobba med innkjøp av digitale system for fylkeskommunane, med ansvar for større og mindre leveransar. Du vil leia gjennomføringa av nye innkjøp frå start til slutt, i dialog med ulike interessentar. Dette vil innebera dialog på tvers av selskapet, ut mot marknaden, med nasjonale organ, leverandørar og dei ulike fylkeskommunane. Du vil også vera involvert i våre andre pågåande prosjekt, som rådgivar og diskusjonspartnar.

Ansvarsområde vil mellom anna inkludera:

  • Leia og styre prosjekt frå planlegging til implementering – under dette utarbeida styrande dokument (innkjøpsstrategi, budsjett, bemanningsplan, osb.)
  • Etablera innkjøpsstrategi for nye løysingar i tråd med fylkeskommunes behov
  • Gjennomføra marknadsdialog og definera krav og behov til løysinga
  • Utarbeida konkurranse- og kontraktsdokument
  • Gjennomføra innkjøpet og ferdigstilla
  • Planleggja etablering i samarbeid med prosjektleiar
  • Bidra med avtaleoppfølging i dialog med leverandørar og fylkeskommunane
  • Oppgåver og ansvar kan endra seg etter behovet til selskapet

Kva skal til for å lykkast hos oss?

For å lykkast og trivast i stillinga må du ha erfaring med innkjøp og standardavtalane med staten (SSA), og dessutan ha oppdatert kunnskap om regelverket for offentlege innkjøp. Det er fordelaktig om du har erfaring med innkjøp av IT løysingar, også der smidigmetodikk har vore nytta i det vidare prosjektet. Det er vidare fordelaktig om du har erfaring med prosess- og/eller prosjektleiing. Me ser for oss at du har minimum bachelor utdanning innan økonomi, administrasjon eller innkjøp og kontrakt, men vektlegg heller relevante erfaringar og eigenskapar for stillinga. Kjennskap til samferdselssektoren vil bli vektlagt. Arbeidsspråket er norsk, så det er nødvendig med god norsk formuleringsevne, både munnleg og skriftleg.

Motivasjonen din og personlege eigenskapar er også svært viktig for oss, og vil få stor vekt. Om du er ryddig, løysingsorientert og god til å skapa relasjonar, har du allereie gode føresetnader for å lykkast. Sjølvstende, høg gjennomføringsevne og gode kommunikasjonseigenskapar er andre sentrale nøkkelord for oss.

Kva kan me tilby deg?

Me tilbyr ein spennande kvardag i eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø, der du vil få vera med på å forma og utvikla dei digitale løysingane i framtida for fylkeskommunane.

Vidare tilbyr me:

  • Ei viktig rolle i eit leiande IT- og digitaliseringsselskap i sterk vekst.
  • Ein arbeidsplass som verdset og støttar den faglege utviklinga di, der du får arbeida med dyktige og engasjerte kollegaer i tverrfaglege team.
  • Gode høve til lære og vidareutvikla deg gjennom å arbeida med varierte oppgåver og tenesteområde.
  • Ein fleksibel arbeidskvardag der du kan jobba frå din eigen by eller heimanfrå og likevel vera ein viktig del av selskapet vårt, seksjonen vår og våre dedikerte team. Me planlegg også å opna eit kontor i Oslo i 2024.
  • Trygge arbeidsforhold, konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Har du spørsmål til stillinga? Ta kontakt med seksjonsleiar for samferdsel, Bjørn Harald Sti, på telefonnummer 469 42 978.

Les meir på finn.no

Del på sosiale medium

Facebook
Twitter
LinkedIn