Accessibility Tools

Ny dagleg leiar i Vigo IKS

Styret i Vigo IKS vedtok torsdag 2.mars å ansette Hilde Benno Vaage som ny daglig leder. Hun tiltrer stillingen 1.april 2023.

Vaage kjem til Vigo IKS med ei solid leiarerfaring, både frå offentleg og privat sektor. Ho har hovudfag frå universitetet i Oslo, og seinare mastar i skuleleiing frå BI. Ho har arbeidd som lektor og avdelingsleiar i Akershus fylkeskommune. Dei siste 10 åra har ho arbeidd i ISA, der dei siste åra som administrerande direktør. Ho har nyleg vore tilsett i Udir som rådgivar.

Toppleiarerfaring blir viktig i Vigo IKS

-Behovet for gode digitale løysingar er ein føresetnad for tenesteutviklinga i offentleg sektor, seier Bjørn Marthinsen, styreleiar i Vigo IKS. – Gjennom Vigo IKS samhandlar fylkeskommunane digitalt på stadig fleire område, og selskapet har derfor behov for fleire dyktige medarbeidarar. Eg er svært glad for at Hilde har takka ja til stillinga som dagleg leiar. Ho fører med seg solid og relevant toppleiarerfaring, som blir viktig når Vigo IKS skal utvikla seg vidare.

Hilde Benno Vaage er ansatt som ny daglig leder i Vigo IKS
Vaage gler seg til å ta fatt på arbeidet som dagleg leiar for Vigo IKS. Foto: Cathrine Hill-Jensen, Vigo IKS
Ønske om å bidra til brukarvennlege digitale løysingar utvikla av Vigo IKS

Vaage er audmjuk og glad for å ha fått tillit som ny leiar av Vigo IKS. – Eg har i mange år jobba med produktutvikling og leiing, og har eit sterkt ønske om å kunna bidra til at digitale løysingar er brukarvennlege og nyttige for både enkeltindivid og samfunn, uttaler ho. – Eg oppfattar også at dette er kjernen i det arbeidet Vigo IKS er ansvarleg for. Eg ser fram til å samarbeida med både eigarane av Vigo IKS og alle tilsette som jobbar for betre digitale løysingar kvar dag. Erfaringa mi er at samarbeid er ein nøkkel for å lykkast med digitaliseringa.

Hilde Benno Vaage tiltrer som dagleg leiar 1.april 2023.

For meir informasjon, kontakt:

  • Bjørn Marthinsen (styreleiar Vigo IKS), tlf. 95171899
  • Hilde Benno Vaage, tlf. 99633151
  • Cathrine Hill-Jensen (kommunikasjonsrådgivar – for fleire bilete), tlf. 91809647

//

Fakta om Vigo IKS:

  • Vigo IKS er eit interkommunalt selskap som varetek forvaltning og vidareutvikling av dei felles IT-systema frå fylkeskommunane innan vidaregåande opplæring, samferdsel og fellestenester.
  • Selskapet er eigd av alle fylkeskommunane og Oslo kommune. Vigo IKS sitt øvste organ er representantskapet som har éin medlem frå kvar av eigarane. Representantskapet har valt eit styre som følgjer opp selskapsdrifta.
  • Vigo IKS har 38 og tilsette hovudkontor i Porsgrunn.

Del på sosiale medium

Facebook
Twitter
LinkedIn