Accessibility Tools

Personvern og Retningslinjer

Sist endret: 7. mars, 2024

Novari IKS ivaretar utvikling og forvaltning av fylkeskommunens felles IT-systemer innen utdanning, samferdsel og fellestjenester.

Rett til personvern og teieplikt

Som bruker av www.vigoiks.no skal du kjenna deg trygg på at me handterer personopplysningar om deg på ein sikker og forsvarleg måte. Dette gjeld også samarbeidspartnarane våre. Personopplysningar me blir kjende med vil berre bli brukte til formål som er knytt til lovpålagde oppgåver – som me utfører på vegner av eigarane våre.


Rett til informasjon om behandlinga av personopplysningar

Viss du spør om det, vil me opplysa om korleis opplysningane om deg blir behandla. Du kan få vita kva slags opplysningar me har om deg, kva dei skal brukast til, og der dei er innhenta frå.


Personvernombod

Du kan kontakta personvernombodet viss du har spørsmål til Vigo IKS etterlevinga si av personvernreglane.


Kontaktinformasjon:

Erik Hesmyr
Telefon: 90 09 07 04
E-post:


Du skal kunna krevja at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg blir retta

Dersom du oppdagar mangelfulle eller feilaktige opplysningar om deg sjølv, ber me om at du tek kontakt med oss, så vil me retta dette så raskt det lèt seg gjera.


Du kan krevja at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta

Me slettar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet. Enkelte opplysningar skal oppbevarast ein bestemd periode, i samsvar med rekneskapslova og arkivlova.


Vidareformidling

Personopplysningar me har om deg vil ikkje bli vidareformidla utan at du har godkjent dette.


Informasjonssikkerheit

Me har etter personopplysningslova ansvar for å sørgja for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra. Me har system og rutinar som sørgjer for at berre dei som har eit tjenstleg behov får tilgang til opplysningane.


Trafikkanalyse

Som ein viktig del av arbeidet med å laga ein brukarvennleg nettstad, ser me på brukarmønsteret til dei som besøkjer nettstaden. For å analysera informasjonen bruker me analyseverktøya:

  • Hotjar

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi ho kan sporast tilbake til ei bestemd maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Vigo IKS anonymiserer IP-adressa til brukaren før informasjonen blir lagra og blir omarbeidd av Google. Dermed kan ikkje denne brukast til å identifisera den enkelte brukaren.


Informasjonskapslar – cookies

Novari IKS benytter informasjonskapsler (cookies), på våre nettsider.

Dette er knytt til m.a. statistikk- og skjemaløysingar.

Du kan sjølv reservera deg mot informasjonskapslar ved å gjera endringar i innstillingane på nettlesaren din.