Accessibility Tools

Meir om seksjon samferdsel

IT-system, løysingar og avtalar dekkjer dei aller fleste fagområda på samferdselsområdet, med unntak av kollektiv. Døme på oppgåver som blir støtta er:

  • Planlegging og prosjektering av nye veganlegg
  • Bygging av nye veganlegg og ivaretagelse av HMS og seriøsitet
  • Forvaltning av fylkesveg som søknader om avkøyringar, oppsetjing av skilt, arrangement som sykkelritt, tungtransport, trafikktryggleikstiltak med meir
  • Drift og hald ved like av fylkesveg som brøyting, asfaltering og oppmerking, kantklipp, mindre forbetringar av vegen, tunnel vask, grøntanlegg, akutte hendingar, styring av driftsentreprenørar med meir

Systemene og løysingane gir brukarane i fylkeskommunane tilgang til nødvendige IT-system for å kunna utføra oppgåvene sine på ein god og effektiv måte. Resultatet av arbeidet er at fylkeskommunane har tilgang på over 150 ulike IT system og løysingar som samla har fleire tusen brukarar. For Seksjon Samferdsel i Vigo IKS inneber dette oppgåver som innkjøp, eigenutvikling, forvaltning og forbetring av felles IT-system og løysingar for alle fylkeskommunane.

Sist endret: 7. mars, 2024

Saknar du noko?

Me jobbar for tida med å overføra innhald til den nye nettsida vår. Det er derfor ei moglegheit for at det du leitar etter ikkje er å finna på denne sida, eller at det har vorte flytta til ei anna side.

Ver vennleg og ta kontakt med oss, så hjelper me kvarandre!

Sidenavigasjon