Accessibility Tools

Kvalitetssikring av elevdata

Her finner du nyttig informasjon vedrørende:

  • Kodeverk innan vidaregåande opplæring
  • Kvalitetssikring av data i samband med overføring frå dei skuleadministrative systema til VIGO systemet.
  • Kvalitetssikring av data før levering av statistikk til Statistisk sentralbyrå og Utdanningsdirektoratet
  • Årshjul
Sist endret: 7. mars, 2024

Kodeverk

Her vil du finna informasjon om kodeverk som blir nytta innan vidaregåande opplæring.

I VIGO Kodeverksbase finn du alt kodeverk som kjem frå Grep og det som er spesielt for VIGO applikasjonen.

På Utdanningsdirektoratets nettsider finn du oversikt over kodeverket som ligg inn under tilbodsstrukturen.

Årshjul VIGO Opplæring

Årshjulet skal vera eit nyttig verktøy i samband med rapportering innan området vidaregåande opplæring.

Her får du ei oversikt over når det skal rapporterast, frå kven og til kven, og kva som skal rapporterast. Årshjulet viser også dato for andre viktige fristar gjennom året.

Årshjulet oppdateres av Novari IKS.

Årshjulet for VIGO opplæring skuleåret 2023-2024 finn du her:

Brukardokumentasjon

Det er snart tid for å levera statistikk til SSB og Udir rundt vidaregåande opplæring. Dette gjeld ssbResultat/ssbResultatfag og ssbElev/ssbElevfag.

Frist for endeleg levering av ssbResultat og ssbResultatfag er søndag 24. september (dvs siste arbeidsdag fredag 22. september). ISA leverer fil til Udir måndag 25. september.

ssbElev og ssbElevfag har frist for 1. levering tysdag 24. oktober (ISA leverer fil til Udir onsdag 25. oktober) og endeleg levering tysdag 07. november (ISA leverer data til Udir 08. november).

Det er utarbeidd ei brukarrettleiing for rapportering av statistikk til SSB og Utdanningsdirektoratet. Oppdatert rettleiing for 2023 finn du her:.

SSB_Udir_2023_Veiledning-11-08-2023

Sjå også Grensesnitt VIGO / UDIR-SSB

Spørsmål om statistikken kan rettes til Trude Riple på mobil 908 99 379 eller e-post:

Sjå nærare informasjon i Registreringshåndboken.

For å få riktig offentleg statistikk om elevar som får spesialundervisning er det viktig at gjeldande føringsreglane blir følgde.

Med IOP-fagkodar meiner me IOP1000, IOP2000, IOP3000, IOP4000 eller IOP5000.

Med teksten “blir berekna i Vigo” meiner me at elevstatus maskinelt blir berekna i VIGO når data blir overførte frå dei skuleadministrative systema til VIGO. Skulane treng ikkje leggja inn elevstatus på desse elevane.


Endringane finn de i følgjande dokument:

Reglar for registrering av spesialundervisning pr 20-08-2013


Nedanfor finnar du døme på føring:

Døme registrering av elevar med blir spedd_underv_ og IOP oppdatert 23-05-2014

Dette er berre rettleiande døme. Det er Utdanningsdirektoratets skriv Føring av vitnemål og kompetansebevis for vidaregåande opplæring i kunnskapsløftet som gjeld i forhold til utskriving av dokumentasjon etter enda opplæring.

Det er utarbeidd brukarhandbøker til hjelp for skulane i samband med elevdata. Desse gir nyttig informasjon om føring og kvalitetssikring av elevdata som skal leverast til VIGO.

VIGO leverer elevdata vidare til Utdanningsdirektoratet (Udir) Statistisk sentralbyrå (SSB) og Lånekassen. Data i VIGO blir også nytta til å skriva ut dokumentasjon for fagopplæring. Fagopplæring leverer vitnemål til Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).

Det er utarbeidd ei registreringshandbok for viktige variablar i samband med ovannemnde datalevering. Denne finn du på Utdanningsdirektoratet.

Det ligg føre grensesnitt for overføring av data mellom dei skuleadministrative systema og VIGO.


Brukarhandbok for Visma InSchool (Vis)

Gjelder for offentlige videregående skoler i alle fylker og for private videregående skoler som benytter ViS.

BRUKERHÅNDBOK ViS-VIGO versjon 7


Brukarhandbok for ISA Administrasjon (Everyday)

Gjelder for private videregående skoler som benytter Everyday.

Brukarhandbok_ISTadministrasjon_Versjon_3.0_-_03_06_2022.PDF


Brukarhandbok for iSkole

Gjelder for private videregående skoler som benytter iSkole.

Brukarhandbok iSkole Versjon 2023

Det er viktig for all offentleg statistikk at eleven, privatisten, kandidaten (vaksen) og lærlingen/lærekandidaten får registrert rett fullførtkode.

Reglar for registrering av fullførtkoder i vidaregåande opplæring er oppdatert 18.04.2023 og du finn oversikta ved å trykkja på denne lenkja:

Fullførtkoder for skuleåret 2022-2023- oppdatert 18-04-2023

Dokumentet må sjåast i samanheng med same variabel i Registreringshåndboken og brukarhandbøkene for dei skuleadministrative systema (Sjå i nedtrekkfeltet over).

Saknar du noko?

Me jobbar for tida med å overføra innhald til den nye nettsida vår. Det er derfor ei moglegheit for at det du leitar etter ikkje er å finna på denne sida, eller at det har vorte flytta til ei anna side.

Ver vennleg og ta kontakt med oss, så hjelper me kvarandre!

Sidenavigasjon