For å vera deltakar i eit innføringstilbod må eleven ha rett til særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar jf Opplæringslova § 3-12.
Målet med innføringstilbod er at elevane så raskt som mogleg skal læra seg tilstrekkeleg norsk til å følgja den ordinære opplæringa i norsk skule og nå kompetansemåla i Kunnskapsløftet.
Eleven skal takast inn til eit Vg1 i tilbodsstrukturen (Rundskriv Udir-1-2022) og har rett til å komma inn på eitt av tre utdanningsprogram.
Elevar som går i eit innføringstilbod, bruker av retten sin til vidaregåande opplæring.
Innføringstilbod er eit overgangstilbod som maksimalt skal vara i to år. Tilbodet kan takast ut i grunnskulen og/eller vidaregåande opplæring. I nokre tilfelle kan tilbodet starta i grunnskulen og avsluttast i vidaregåande opplæring. Sjå også informasjon om programområdekodar for grunnskuleopplæring.