Accessibility Tools

Programområde

Sist endret: 3. juni, 2024

Søknad om nye programområdekodar

Enkelte fylkeskommunar opprettar ny opplæringstilbod som eit alternativ til den offisielle programområdekoden (grunnkoden).

Det kan vera ønske om oppretting av nye kodar som variantar.

Fylkene må søke om slike koder innen 1. november hvert år. Slik søknad sendes til leder av Vigo kodeverksgruppe Trude Riple på e-post .

Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for voksne

I vidaregåande opplæring blir det gjennomført forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne i åtte lærefag (Forsøk 2017-2024) og fem lærefag (Forsøk 2019-2024).

Det er laget eigne læreplanar.

Forsøka blir organiserte og utførte av Nordland, Oslo, Trøndelag, Innlandet og Agder fylkeskommunar

Det er oppretta eigne programområdekodar for desse tilboda:

Forsøk 2017-2024

Fagkode Namn
SSSLG3MV– Salsfaget
SSLOG3MV– Logistikkfaget
TPGJE3MV– Gjenvinningsfaget
RMKOK3MV– Kokkefaget
RMIKO3MV– Institusjonskokkefaget
TPPRT3MV– Produksjonsteknikkfaget
NAFFA3MV– Fiske og fangst
BARHO3MV– Reinhaldsoperatørfaget

Forsøk 2019-2024

Fagkode Namn
HSHEA3MV– Helsearbeidarfaget
BABET3MV– Betongfaget
BAMAL3MV– Målarfaget
BARLF3MV– Røyrleggarfaget
BATBY3MV– Trevarefaget

Det er vidare oppretta ny programområdekategori:

  • MV = Modulstrukturert opplæring for vaksne
  • Til programområdekoden er det eigne fagkodar.

Førebuande kurs for minoritetsspråklege

AOLOV0J— Førebuande kurs for minoritetsspråklege

Koden blir nytta av fylkeskommunar som vel å tilby elevane eit år 0.Opplæring på AOLOV0J— ligg utanfor tilbodsstrukturen (Rundskriv Udir-1-2022).Eleven bruker ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring. Elevane har ikkje rettar etter opplæringslova (som f.eks spesialundervisning).

Yrkessjåførkurs for vaksne

Landslinjetilbodet – Yrkessjåførkurs for vaksne, halvårig har fått ny programområdekode.

Yrkessjåfør ligg no under utdanningsprogram Teknologi- og industrifag. Ny kode er TPYSL3L—.

Fagkodane som er knytt til dette kurset er: YSL2001, YSL2002, YSL3001 og YSL3002.


Yrkessjåfør – 491 timars kurs teoriopplæring

Enkelte fylkeskommunar gir tilbod om 491 timars kurs – teoriopplæring for yrkessjåførar. Kurset siktar mot prøve i yrkessjåførforskrifta §16.

Yrkessjåfør ligger nå under utdanningsprogram Teknologi- og industrifag. Ny kode er TPYRK3L— Yrkessjåfør, teoriopplæring 491 timer mot prøve i yrkessjåførforskriften § 16, landslinje.

Det er også opprettet en fagkoden for denne opplæringen YRK9000 Teoriopplæring 491 timer mot prøve i Yrkessjåførforskriften §16.

Fagkoden kjem ikkje frå Grep, men er godkjend av Udir og SSB som bruk i samband med rapportering av offentleg statistikk.


I tillegg må følgjande prøver takast:

Fagkode Namn
YRK3002 Yrkessjåførforskrifta, § 16
YRK3102 Skriftleg eksamen på Vg3 (i samsvar med Forskrift til opplæringslova §3-54, 1. og 2. ledd og § 3-55, 2. og 3. ledd)
YRK3001 Fagprøva

Kvar enkelt fylkeskommune må informera skulane sine om ny programområdekode.

Programområdekoder for grunnskoleopplæring

I VIGO Kodeverksbase ligg det fleire programområdekodar for grunnskuleopplæring. Nedanfor informerer me om kva programområdekode som skal nyttast for dei ulike tilboda.


GSGSK0—- Grunnskule

Koden blir nytta for dei ordinære grunnskuletilboda.


GSGSK0C— Grunnskule for minoritetsspråklege

Koden blir nytta for dei ordinære grunnskuletilboda som er tilrettelagde for minoritetsspråklege.


GSGSK0J-GR Grunnskole med innføringstilbod for minoritetsspråkleg

(Tidlegare programområdenamn Innføringsår med grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege)

  • Koden blir nytta for elevar som kjem inn under innføringstilbod til #nykommen minoritetsspråklege elevar.
  • Dei skal har rett til særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar jf Opplæringslova § 2-8.
  • Dvs elevane skal vera i ungdomsskulealder.
  • Tilbodet skal kvalifisera for inntak til vidaregåande opplæring.

GSGSK0MG– Grunnskule, meir grunnskuleopplæring (16-24 år)

Koden blir nytta for ungdom som får grunnskuleopplæring etter Opplæringslova § 4A-1, andre ledd.

For å kunna få eit tilbod om meir grunnskuleopplæring må ungdommen:

  • vera under 24 år gammal
  • ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova Opplæringslova § 3-1
  • ha behov for meir grunnskuleopplæring for å kunna fullføra vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i landet

Etter gjennomført GSGSK0MG– har ungdommen rett til full vidaregåande opplæring.
Ungdommer som får dette tilbodet blir rekna som deltakarar (ikkje elevar) og bruker derfor ikkje av ungdomsretten.

Utfyllande informasjon finn du på udir.no.


GSGSK0VO– Grunnskule for vaksne

Koden blir nytta for elevar som har rett til grunnskuleopplæring for vaksne etter Opplæringslova § 4A-1, første ledd.


GSGSK0MV– Førebuande vaksenopplæring (FVO)

Opplæringstilbodet er i regi av Kompetanse Noreg.

Det er eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne på nivået under vidaregåande opplæring.

Utfyllande informasjon finn du på Kompetanse Noreg.

Det er oppretta eigne fagkoder for denne opplæringa

Gjeld engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.

Vurderingsform:

  • Modul 1 og 2 – Godkjent / Ikkje godkjent
  • Modul 3 – Talkarakterar 1-6
  • Modul 4 – Talkarakterar 1-6 – standpunktkarakter og kandidaten kan blir trekt ut til eksamen.

Det er berre modul 4 som blir importerte i VIGO og er med i poengberekninga.

Fullført alle fag på modul 4 gir grunnlag for inntak til vidaregåande opplæring.

Det er viktig å bruke riktige programområdekoder (GSKSK0-koder) for elever som tar 5-fagsprøven (Grunnskole VO).

GSGSK0—- (ordinær grunnskule) må ikkje nyttast.

Følgjande må vera innfridd for å ha inntaksgrunnlag til vidaregåande Vg1:

  • GSGSK0C— Grunnskule for min.spr
  • GSGSK0S-1- Grunnskole VO min spr,1.år
  • GSGSK0S-2- Grunnskole VO min spr,2.år
  • GSGSK0S-3- Grunnskole VO min spr,3.år
  • GSGSK0S-4- Grunnskole VO min spr,4.år
  • GSGSK0S-5- Grunnskole VO,1.år
  • GSGSK0S-6- Grunnskole VO,2.år
  • GSGSK0S-7- Grunnskole VO,3.år
  • GSGSK0S-8- Grunnskole VO,4.år
  • GSGSK0VO– Grunnskule for vaksne

Litt om hvorfor bruke kode for 5-fagsprøve:

Dersom dere benytter programmoråde GSGSK0—- på en elev som tar 5-fagsprøven, vil det være for få fag til at kompetansebeviset poengberegnes. Da kreves det 8 tellende karakterer. Ofte har de kroppsøving som likevel gjør at de passerer 8 tellende karakterer, men det er ikke et fag som skal være med å telle i 5-fagsprøven. Brukes GSGSK0—- får dere heller ikke en sjekk på at eleven har bestått 5 obligatoriske fag, 2 av 3 valgfrie fag, og en muntlig og en skriftlig eksamen.

Saknar du noko?

Me jobbar for tida med å overføra innhald til den nye nettsida vår. Det er derfor ei moglegheit for at det du leitar etter ikkje er å finna på denne sida, eller at det har vorte flytta til ei anna side.

Ver vennleg og ta kontakt med oss, så hjelper me kvarandre!