Accessibility Tools

Bilde av personer involvert i avtalen mellom Vigo IKS og HMSREG

Vigo IKS seksjon Samferdsel har tildelt kontrakt til HMSREG AS

Tidleg i 2022 starta Vigo IKS arbeidet med å etablera eit felles oppfølgingssystem for Byggherre-HMS og seriøsitet, og i september 2022 vart konkurransen lyst ut. No er kontrakten inngått, og HMSREG AS blir leverandør.

-Gjennom heile prosjektet har Vigo IKS opplevd støtte og eit stort engasjement frå fagmiljøa i fylkeskommunane, og dette samarbeidet har vore avgjerande for resultatet, fortel Hilde Benno Vaage, dagleg leiar i Vigo IKS.

Kjerneteamet har hatt deltakarar frå både Innlandet, Møre og Romsdal, Viken, Vestland og Troms og Finnmark. I tillegg har prosjektet vore godt leidd og styrt av prosjektleiar Anne Johnsrud. – Takka vera dette samarbeidet både før og i prosjektet, markerer me ein viktig milepæl i dag ved signering av kontrakt, seier Vaage.

Avtale mellom Vigo IKS og HMSREG AS
Hilde Benno Vaage (Vigo IKS) og Eivind Bakke (HMSREG AS)

Det kom inn 4 tilbod i anbodskonkurransen, og det er gjort ein grundig jobb med evaluering av mellom anna ca. 170 brukarhistorier. – Me er sikre på at HMSREG leverte det beste tilbodet.

-Dette er ein stor og viktig avtale for oss, og me er veldig stolte av at me no skal få levera våre tenester til alle fylkeskommunane, seier Eivind Bakke, dagleg leiar i HMSREG AS.

HMSREG AS kjerneverksemda si er å levera IT-løysingar og tenester for anstendig arbeidsliv med
rettferdig konkurranse, seriøse aktørar og aktiv førebygging av sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

-Gjennom kontrakten med HMSREG får Fylkeskommunane no eit utprøvd verktøy, med nye funksjonalitetar, til å følgja opp tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA), ytra miljø (YM) og seriøsitet på byggjeplassane sine, forsikrar Eivind Bakke. -Me ser fram til arbeidet med å etablera løysinga i samarbeid med Vigo IKS og fylkeskommunane.

Bilde av personer involvert i avtalen mellom Vigo IKS og HMSREG
Frå venstre: Hilde Benno Vaage (Vigo IKS), Marianne Ramdal Nesset (Vigo IKS), Øystein Berge-Olsen (HMSREG AS), Øystein Reppesgård (Vigo IKS), Kathrine Steen Andersen, Anne Johnsrud (Afry), Anne Marit Langedal (Afry), Audhild Rygg og Eivind Bakke (HMSREG AS).

Vigo IKS har på vegner av fylkeskommunen inngått avtale på fem funksjonsområde:

  • Risikostyringsverktøy
  • Rapporteringssystem for uønskte hendingar
  • Rapporteringssystem for ytre miljø (forbruk og utslepp)
  • Verktøy for oppfølging av seriøsitetsreglar
  • Analyseverktøy for utvikling, samanhengar og trendar

-Me gler oss til å starta implementeringsfasen saman med HMSREG. Det vil heilt sikkert bli ein krevjande, men også spennande, prosess, der målet er at alle fylkeskommunar har teke i bruk HMSREG som eit viktig verktøy i 2024, avsluttar Benno Vaage.

Del på sosiale medium

Facebook
Twitter
LinkedIn