Accessibility Tools

FINT by Vigo

Leveransane frå FINT består av ein standardisert informasjonsmodell og API, som kan leggjast til grunn ved framtidige innkjøp av nye system (kravspesifikasjon), forbetring av eksisterande tenester og utvikling av nye tenester (digitalisering). Det vil gi generelle innsparingar og høgare kvalitet, fordi ting blir gjort éin gong og likt for alle fylkeskommunar.
Sist endret: 7. mars, 2024

FINT (Felles Fylkeskommunale Integrasjonar) er eit felles fylkeskommunalt prosjekt som starta hausten 2015. Målet til FINT er å forenkla digitalisering i offentleg sektor ved å laga standardiserte felleskomponentar og informasjonsmodellar.

FINT skal sørgja for betre integrasjonar og dataflyt i fylkeskommunane innan alle tenesteområde, med eit spesielt fokus på innføring av nytt fagsystem for vidaregåande skule (Visma InSchool).

FINT vart etablert i 2015 for å utarbeida felles prinsipp og standardar for integrasjonar for fylkeskommunane. Kombinasjonen av ein standardisert informasjonsmodell og tilgjengeleggjering av informasjon over opne programmeirberre grensesnitt (API) er berebjelkane i strategien bak FINT. Prinsipp, informasjonsmodell og grensesnitt speler saman i ein teknologi- og leverandøruavhengig løysing og utgjer ein felles fylkeskommunal integrasjonsstrategi.

Leveransar frå FINT kan leggjast til grunn ved framtidige innkjøp av nye system (kravspesifikasjon), forbetring av eksisterande tenester og utvikling av nye tenester (digitalisering). Det vil gi generelle innsparingar og høgare kvalitet, fordi ting blir gjort éin gong og likt for alle (fylkes)kommunar.

Arbeidet og metodikken til FINT er tett knytt opp mot Rammeverk for informasjonsforvaltning og Felles datakatalog frå Digitaliseringsdirektoratet og Brønnøysundregistera m.fl.

FINTLabs har teke over stafettpinnen etter FINT-prosjektet og blir forvalta av Vigo IKS.