Accessibility Tools

FINT Profilbilde

Sist endret: 7. mars, 2024

Tenesta tilbyr ein sentral og sikker lagringsplass der leverandørar kan lasta opp profilbilete. Tenesta tilbyr også eit felles API der skoleadaministrative system og andre kan henta ned profilbilete.

 

Målgruppe:

Alle fylkeskommunar med behov for sentralisert lagring av profilbilete.

 

Fordelar:

Eitt sentralt lager for alle profilbilete. Kan kombinerast med FINT-samtykke som er ei eiga teneste.

Arkitekturskisse:

profilbilde - FINT Profilbilde

 

Korleis bestilla tenesta?

Ta kontakt med VIGO IKS.

 

Grunnleggjande informasjon:

Kva treng me av informasjon?

  • Kontaktinformasjon til den tekniske ressursen deira som me kan ha dialog med oppsett og igangkjøring av produktet/tenesta.

Avhengnader til andre produkt/tenester levert av Vigo IKS

  • Evt FINT-samtykke viss denne skal nyttast til å innhenta samtykke til bruk av profilbilete.

Avhengnader til andre produkt/tenester levert frå andre leverandørar

  • Fylke må ha avtale med ein fotograf/biletleverandør som kan lasta opp bileta til FINT, alternativt ha eigne løysingar for dette.