Accessibility Tools

Innstillingar i klasseordninga for skuletilbod som skal med på vilbli.no

Det er to innstillinger (avkrysninger) i Vigo som påvirker om skoletilbudene i klasseordningen fremkommer på vilbli.no. Du kan

  1. angi om skuletilboda for fylket er klare for publisering på vilbli.no eller ikkje
    NB: Når klasseordninga blir kopiert i Vigo er det viktig at du fjernar avkryssinga for «KLASSEORDNING_KLAR» på skiljearket «Parametrar» i 5S001 i Vigo. Men viss klasseordninga blir kopiert før 15. oktober må du venta med å fjerna avkryssinga til 15. oktober.
  2. angi for kvart enkelt skuletilbod om det skal publiserast på vilbli.no eller ikkje
    Dette gir det enkelte fylke moglegheit for å visa kva skular i andre fylke som tilbyr eit programområde som fylket ikkje sjølv har tilbod om ved skulane sine (gjeld programområde som ikkje blir tilbodne som landslinjer, landsdekkjande tilbod eller gjennom regionssamarbeid).

 

Det er to innstillingar (avkryssingar) i Vigo som påverkar om skuletilboda i klasseordninga kjem fram på vilbli.no.

Sist endret: 7. mars, 2024

1. Angi om skuletilboda for fylket er klare for publisering på vilbli.no eller ikkje

  • Denne innstillinga blir styrt med avkryssinga for «KLASSEORDNING_KLAR» på skiljearket «Parametrar» i 5S001 i Vigo.
  • Når denne avkryssinga er sett vil klasseordninga og seinare endringar i klasseordninga bli oppdatert på vilbli.no dagleg.
  1. Når klasseordninga blir kopiert i Vigo er det viktig at du fjernar avkryssinga (viss ikkje blir kopien publisert med ein gong på vilbli.no). Men viss klasseordninga blir kopiert før 15. oktober må du venta med å fjerna avkryssinga til 15. oktober.
  2. Når klasseordninga er oppdatert og klar for publisering på vilbli.no set du avkryssinga for «KLASSEORDNING_KLAR» på skiljearket «Parametrar» i 5S001 i Vigo.

2. Angi for kvart enkelt skuletilbod om det skal publiserast på vilbli.no eller ikkje

  • Denne innstillinga blir styrt med ei avkryssing for vilbli.no på kvart enkelt skuletilbod i klasseordninga.
  • Avkryssinga er default på, så i praksis må avkryssinga fjernast for skuletilbod som det ikkje er relevant å visa på vilbli.no.
  • Det vil i ein del tilfelle vera relevant å visa eit skuletilbod på vilbli.no men ikkje på VigoWeb (t.d. 2., 3. og 4. år av 4-årige tilbod) og motsett.

2a. Manuell registrering av programområde som ikkje blir tilbodne i fylket

Nokre fylke har ønskt ei moglegheit for at ein på vilbli.no kan visa kva skular i andre fylke som tilbyr eit programområde som fylket ikkje sjølv har tilbod om ved skulane sine (gjeld programområde som ikkje blir tilbodne som landslinjer, landsdekkjande tilbod eller gjennom regionssamarbeid). Dette gjeld t.d. Vg2 laboratoriefag i nokre fylke.

Løysing: Lag «regionale tilbod»

Dei fylka det gjeld kan på dei tilboda det gjeld i si eiga klasseordning i Vigo leggja opp «regionale tilbod» ved skular som har tilbodet i andre fylke. Kryss av for at skuletilbodet berre skal visast på vilbli.no og ikkje på VigoWeb (viss ikkje det er aktuelt å visa det der også) og legg inn at det er 0 plassar på tilbodet. Då blir det «fiktive, regionale tilbod» som kvart enkelt fylke sjølv styrer at skal visast på vilbli.no.

2b. Retningslinjer for registrering av P- og N-kodar (yrkes- og studiekompetanse) for presentasjon på vilbli.no

Innan fleire av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det oppretta variantar med 4-årige løp med yrkes- og studiekompetanse (desse har «P-kodar»), og variantar med 3-årige løp med studiekompetanse (desse har koden «PBPBY3N—»).

Døme på 4-årig løp med yrkes- og studiekompetanse (TAF) («P-kodar»):

  • TPTIP1P— Teknikk og industriell produksjon, yrkes- og studiekompetanse, 4-årig (TAF)
  • TPPIN2P— Industriteknologi, yrkes- og studiekompetanse, 4-årig (TAF)
  • TPIME3P— Industrimekanikarfaget, yrkes- og studiekompetanse, 4-årig (TAF)

Døme på 3-årig løp med studiekompetanse («N-kodar»):

  • HSHSF1N— Helse- og oppvekstfag, studiekompetanse, 3-årig
  • HSHEA2N— Helsearbeidarfag, studiekompetanse, 3-årig
  • PBPBY3N— Påbygging til generell studiekompetanse, 3-årig

 

Presenter heile det 4-årige/3-årige løpet på vilbli.no

For å få presentert heile det 4-årige (P-kodar) eller 3-årige (N-kodar) på vilbli.no må alle variantane leggjast inn i klasseordninga med kryss for vilbli.no. Vanlegvis er det berre det 1. året som skal ha kryss for vigo.no (vera søkbart på vigo.no), men alle variantar som blir tilbodne ved skulen bør presenterast på vilbli.no. Som det kjem fram av døma over, legg ein inn kva skular som gir opplæringa på både xxxx1P—, 2P og 3P / 1N, 2N og 3N og set kryss for vilbli.no. For P-kodar: Dersom det er avhengig av elevane og bedrifter akkurat kva programområde på Vg3-nivå det blir gitt opplæring i, legg ein inn dei mest aktuelle som 3P-koder.

Døme på korleis tilboda skal leggjast ut på vilbli.no

Eksempelene er frå Møre- og Romsdal:

Ikkje presenter kodane som blir brukte for å registrera faga som gir studiekompetanse på vilbli.no

Det er til det 3. og 4. året laga eigne kodar for å registrera faga som gir studiekompetanse. Desse variantane heiter «Fag for studiekompetanse».

For P-løpa gjeld desse kodane:

  • PBPBY4P1– Fag for studiekompetanse, yrkes- og studiekompetanse, 4-årig (TAF)
  • PBPBY4P2– Fag for studiekompetanse, yrkes- og studiekompetanse, 4-årig (TAF)

Desse variantane skal ikkje presenterast på vilbli.no, og det skal derfor ikkje setjast kryss for vilbli.no på desse i klasseordninga.

Saknar du noko?

Me jobbar for tida med å overføra innhald til den nye nettsida vår. Det er derfor ei moglegheit for at det du leitar etter ikkje er å finna på denne sida, eller at det har vorte flytta til ei anna side.

Ver vennleg og ta kontakt med oss, så hjelper me kvarandre!