Accessibility Tools

ux design

Vil du vera med å forvalta og vidareutvikla eit viktig nasjonalt IT-system?

Vigo IKS er i sterk vekst og søkjer no ein Vigo-tenesteansvarleg. Selskapet varetek utvikling og forvaltning av dei felles IT-systema frå fylkeskommunane innan utdanning, samferdsel og fellestenester.

VIGO systemet er eit sentralt fagsystem som blir brukt i samband med søking og inntak til vidaregåande opplæring og administrasjon av fagopplæring med nærare 400 000 brukarar. Vil du vera med å koordinera den vidare utviklinga?

Vigo IKS søkjer ein Vigo-tenesteansvarleg som vil vera med på å vidareutvikla VIGO systemet. Behovet til brukarane står alltid i sentrum for ønsket om å vidareutvikla VIGO. Dersom du ønskjer å søkja stillinga må du vera god på kommunikasjon og ryddig på prosessar for å involvera brukarar på ulike nivå. Som Vigo-tenesteansvarleg må du bidra til å forvalta, drifta og vidareutvikla saman med medarbeidarar i Vigo IKS, fylkeskommunane/Oslo kommune og systemleverandøren vår.

Les meir om stillinga på finn.no.

Del på sosiale medium

Facebook
Twitter
LinkedIn